FAQ
Kva kostar inngangsbilletten?
Vi ber alle om å gi ein donasjon. Gi så mykje du kan og vil. Vår anbefalte donasjon: 150 kroner per film. 300 kroner hvis du ser filmar heile dagen. 900 kroner for alle tre dagane.
Kvar og når?
På fredag blir begge filmane på Fjordsenteret i Geiranger: Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger.
Laurdag og søndag blir alle filmane vist på Dalsbygda grendahus: Dalsbygda barnehage, Rellingsvegen 83, 6214 Norddal.
Korleis kjem ein dit?
Ver venleg og dann bilpoolar for å kome til festivalen. Viss du ser haikarar på vegen, ver venleg å gi dei skyss. Vi har også oppretta ei samkøyringsgruppe på Facebook for å bringe sjåførar og haikarar saman.
Er lokala tilgjengelege for rullestolbrukarar?
Alle kinoar er tilgjengelege for rullestolbrukarar og har rullestoltilpassa toalett. Vi viser ikkje filmar med lydskildring for blinde.
Kvar kan eg overnatte?
Vi anbefalar på det sterkaste hotellet «Petrines», som opnar spesielt for festivalen vår. Det finst også fleire overnattingsstader i Norddal, Eidsdal, Eide og Geiranger, som du finn på nettet. Hvis du ikkje har råd til å bestille hotell, kan du kontakte oss, så skal vi prøve å finne ein overnattingsstad til deg.
Vil det vere mat og drikke?
Vi vil tilby drikke, popcorn og lokal mat i bytte mot donasjonar.
Fleire spørsmål?
Hvis du treng meir hjelp eller har spørsmål, kan du kontakte oss på førehand.
Kven tok bildet til festivalplakaten?
Tusen takk til Agnieszka og Maciek som designa den flotte festivalplakaten, og tok det fantastiske bildet. Sjekk ut nettsida deira: www.hyke.studio og Instagram: www.instagram.com/hyke_studio_.
Kven har laga denne nettsida?
Tusen takk til Daniel Kirchhoff som har laga denne fantastiske nettsida.