Kvar song ei soge
Gjennom århundre har folkesongar hatt ein sentral plass i norsk kultur. Denne filmen handlar om eit lite samfunn høgt oppe i fjella nær Hardangervidda, der denne musikalske tradisjonen blir forstått og vidareført den dag i dag. Gjennom desse songane skapar menneska rundt Møsvatn meiningsfulle historier om sine liv, og dannar band mellom fortid og framtid, minner og forventingar. Gjennom konstant samspel – frå kvardag til spesielle høve, frå vugge til grav – brukast songane til å gjenfortelle gamle historier og skape nye, slik at arven blir halden levande og utviklar seg. Kultur er ikkje noko gitt, men ei uendeleg og uferdig oppgåve. Denne filmen handlar om å ta vare på ein eldgammal tradisjon og vidareutvikle den. Varm og intim, glad og sorgfull, forteller Every Song a Story oss om å høyre til, om å reise bort og om å lengte heim.