The North Drift
Ei tysk ølflaske, skylt opp på stranda på ei nesten utilgjengeleg øy i Lofoten, i Nordishavet. Kvar kom ho frå? Har ho verkeleg reist heilt frå Tyskland? Tilbake i heimbyen Dresden kan filmskaparen Steffen Krones ikkje få denne hendinga ut av hovudet. Han bekymrer seg ikkje berre for mengda av ting som har skylt opp på den nordlege kysten, men også for historia og opphavet deira. Er Dresden tilfeldigvis forbunde med polarsirkelen via vassvegane sine?
Steffen begynner den personlege reisa si mot nord ved å følgje spora etter avfallet i elva. Saman med venen og naboen sin, ingeniøren Paul Weiß, begynner han å konstruere GPS-bøyer som kan reise langs heile Elben opp til Nordsjøen. Med støtte fra anerkjente marinbiologar og forskarar dokumenterer han spora etter plastavfallet – først i Elben, deretter i Nordsjøen – og undersøker samanhengen med den forferdelege forureinsinga i Nordishavet.
Vi lærer også meir om Kris Jensen – ein inuit og ven til Steffen, som jobbar som reiseleiar i Nordishavet. I sitt arbeid ønsker han å hjelpe turistar med å få ei forståing for naturen si skjønnheit, men også gi dei ei forståing av mennesket si påvirking gjennom plastforureinsing. Både Kris og Steffen er einige om at dei ønsker å få slutt på forurensninga av verda vår gjennom plastavfall. Historiene deira, oppturar og nedturar i kampen for ei løysing, flettast ihop og avslører langsamt at vi alle er ein del av kretsløpet, og at kvar og ein av oss har mulegheita til å kjempe for forandring.